
Musikalsk signering
Velkomen til musikalsk boksignering med Frode Skag Storheim og Øyvind Aase på Norli i AMFI Knarvik.
- Når
- 7. juni kl. 12.00–14.00
- Hvor
- Norli Knarvik
🎶 Musikalsk signering på Norli i AMFI Knarvik! 🎹
Laurdag 7. juni kl. 12 får vi storfint besøk av to lokale pianovirtuosar og forfattarar – Frode Skag Storheim og Øyvind Aase.
Begge har nyleg gjeve ut kvar si bok, og denne dagen kan du både høyre dei spele og slå av ein prat om musikk, kunst og inspirasjon.
📖 Frode Skag Storheim har skrive bok om den nasjonalromantiske kunstnaren Hans Dahl, kjend for sine storslagne landskapsmåleri og solskinsmotiva frå Vestlandet.
📖 Øyvind Aase har skrive boka «Troldhaugen. Griegs beste opus. Historien om eit komponisthjem» – ein omfattande reise inn i heimen til Edvard Grieg på Troldhaugen.
🎼 Velkomen til ei stund fylt med musikk, kunst og gode samtalar – og høve til å sikre deg signerte eksemplar av bøkene.
Hjarteleg god handel 💛 #amfiknarvik

