
Mobilitetsveka 2025: Sykkelshow og gratis sykkelservice
Vi feirar Mobilitetsveka 2025 med gratis sykkelservice og eit spektakulært sykkelshow med MOOW på Sentrumstorget i AMFI Knarvik.
- Når
- 18. september kl. 17.00–19.00
- Hvor
- Sentrumstorget
🚴 Ta sykkelen til AMFI Knarvik på torsdag!
Vi feirar Mobilitetsveka med spektakulært sykkelshow med MOOW og gratis sykkelservice. BUA Alver stiller med en el-sykkel du kan prøve.
Syklar kan leverast frå kl. 17. Tilbodet om sykkelservice gjeld dei syklane mekanikarane rekk over i løpet av arrangementet, så det vil vere lurt å levere sykkelen inn i god tid før arrangementsslutt kl. 19.
Mobilitetsveka Alver 2025 varer frå tysdag 16. september til måndag 22. september.
Sykkelshow med trialsyklist
Mobilitetsveka er ei internasjonal veke for berekraftig transport og smarte reiseval i byar og lokalsamfunn. Årets tema er mobilitet for alle. Det handlar om at alle skal kunne kome seg trygt fram – uavhengig av økonomi, bustad, kjønn eller funksjonsevne.