Beredskapsdagen i AMFI Knarvik

Beredskapsdagen 2026

Møt Bjørnis, besøk stands, lær om totalberedskap og vinn beredskapskasse.

Legg til i kalender
Når
31. oktober kl. 11.00–15.00
Hvor
Sentrumstorget

Bli med på ein spennande og lærerik dag der du kan møte og slå av ein prat med nøkkelaktørar innan totalberedskapen i Noreg! Kom og lær meir om kva som skal til for å vere førebudd på både små og store kriser – alt frå naturkatastrofar til nasjonale naudsituasjonar.

Gjennom engasjerande stands, får du sjansen til å lære meir om korleis sivilsamfunn, næringsliv og militærvesen jobber saman for å sikre at vi står sterkare i møte med trusler og uforutsette hendingar.

Møt og hels på Bjørnis

Bjørnis kjem til Beredskapsdagen kl. 12.30. Møt og hels på den populære bamsen!

Stands

På Sentrumstorget finn du stands frå viktige beredskapsaktørar:

  • Beredskap og samfunnssikkerhet i Alver kommune
  • Brannvesenet
  • Den Norske Kyrkje
  • Frivilligsentralen i Alver
  • Hordaland Bonde og Småbrukarlag
  • Innsatsstyrken Bjørn West
  • Nordhordland Forsvarsforening
  • Norsk Totalforsvars Forum
  • Norske Redningshundar
  • Politiet
  • Radøy Bondelag
  • Røde Kors
  • Sanitetskvinnene

Saman skaper vi tryggleik gjennom kunnskap, samarbeid og beredskap.

Er du usikker på kva du bør ha i eit beredskapslager heime?

Få tips på Beredskapsdagen eller les meir på www.sikkerhverdag.no.

Dette er ein dag for heile familien – ta turen innom og bli betre rusta til å handtere det uventa!

🗓 Når: Laurdag 31. oktober kl. 11:00 – 15:00

📍 Kvar: Sentrumstorget i AMFI Knarvik

Arrangør: AMFI Knarvik i samarbeid med Nordhordland Forsvarsforening og ulike aktørar.