
Beredskapsdagen 1. november
Møt beredskapsaktørar, prøv kjekke aktivitetar, lær om totalberedskap og hels på Bjørnis!
- Når
- 1. november kl. 11.00–15.00
- Hvor
- Sentrumstorget
Bli med på ein spennande og lærerik dag der du kan møte og slå av ein prat med nøkkelaktørar innan totalberedskapen i Noreg! Kom og lær meir om kva som skal til for å vere førebudd på både små og store kriser – alt frå naturkatastrofar til nasjonale naudsituasjonar.
Gjennom praktiske øvingar og engasjerande stands, får du sjansen til å lære meir om korleis sivilsamfunn, næringsliv og militærvesen jobber saman for å sikre at vi står sterkare i møte med trusler og uforutsette hendingar.
Møt og hels på Bjørnis
Bjørnis kjem til Beredskapsdagen kl. 11.30-14.30. Møt og hels på den populære bamsen!
Stands
På Sentrumstorget finn du stands frå viktige beredskapsaktørar som:
- Ambulansetenesta
- Den norske kyrkja
- Forsvaret
- Hordaland Bonde- og Småbrukarlag
- Lindås og Hundvin Grend Sanitetsforeiningar
- Nordhordland Brann og Redning
- Nordhordland Forsvarsforeining
- Norges Totalforsvar Forum
- Norske Redningshunder
- Politiet – Vest politidistrikt
- Røde Kors Nordhordland
- m.fl.
Saman skaper vi tryggleik gjennom kunnskap, samarbeid og beredskap.
Er du usikker på kva du bør ha i eit beredskapslager heime?
Få tips på Beredskapsdagen eller les meir på www.sikkerhverdag.no.
Dette er ein dag for heile familien – ta turen innom og bli betre rusta til å handtere det uventa!
🗓 Når: Laurdag 1. november, kl. 11:00 – 15:00
📍 Kvar: Sentrumstorget i AMFI Knarvik
Arrangør: AMFI Knarvik i samarbeid med Nordhordland Forsvarsforening og ulike aktørar.