
Basar - til inntekt for Kreftforeningen
Klar for basar? Vi inviterer til basar i AMFI Knarvik laurdag 22. mars til inntekt for Kreftforeningen sin innsamlingsaksjon 2025.
- Når
- 22. mars kl. 12.00–15.00
- Hvor
- Sentrumstorget i AMFI Knarvik
Vi gjentar suksessen frå i fjor og inviterer til basar med åresal på Sentrumstorget.
- Tre åresal
- Masse flotte premiar gitt av butikkane i AMFI Knarvik
- Vaffelsal ved Ungdomskontakten Salto
- Informasjon om innsamlinga ved Kreftforeningen
- Underhaldning ved "I G-dur"
All betaling på Vipps til #451075.
Alle inntekter går direkte til Kreftforeningen sin innsamlingsaksjon 2025.
Set av dagen og bli med og støtt ein god sak!
AMFI Knarvik er stolte over å delta i Kreftforeningen sin innsamlingsaksjon 2025, og vi gler oss til lokal dugnad i samarbeid med Nordhordland Næringslag. Målet vårt i år er å samle inn totalt kr 350 000,-
Pengane frå Kreftforeiningen sin innsamlingsaksjon i åra 2024–2027 går til å gi fleire kreftpasientar tilgang til gentest – ein avansert diagnostisk teknologi som kan opne for nye behandlingsmoglegheiter og gi eit lengre liv til fleire.