Årets antrekk for jul og nyttår til dame

To damer som danser rygg til rygg
Vi har tipsa for årets juleantrekk!
Tre personer som går catwalk i røde kjoler
Julefargen over alle julefargar er raudt, gå for heilraudt eller raude accessories.
Dame med rød kjole
Dame med fluffy jakke
Leik deg med materiellet i år, gå for velour, paljetter eller ein fjørjakke.

Børst støvet av paljettkjolen, pust nytt liv i fuskepelsen, og gå til innkjøp av minst eitt knallraudt tilbehøyr! Vi gir deg juleantrekka for 2023.

Jula nærmar seg med stormsteg og me gler oss til julebord og selskap med rom for å gjera litt ekstra ut av antrekka!

Men kva skal ein eigentleg ha på seg, om ein vil vere fjong og fin på alt frå julebord og romjulsselskap til julaftan og nyttårsaftan?

Vi har snakka med motejournalist og tidlegare moteredaktør Cecilie Mevatne om kva som gjeld denne julesesongen, og kva som enkelt kan løfte alle antrekk når julestria herjar.

Eit av årets heitaste tips er å kle seg i raudt!

– Raudt er julefargen over alle julefargar, men i år er det også trendfarge nummer éin! Det florerer av raudt i butikkane for tida, og julesesongen i år er eit gyllent høve til å ta inn litt raudt i antrekket.

Om du synest det er for vågalt med ein heilraud kjole, kan du gå for eit raudt tilbehøyr, rår motejournalisten.

– Det mest opplagde er å matche raudt tilbehøyr til svart, men fargen kan også fungera til lyse bruntoner som beige.

Når det gjeld materiale har Cecilie merka seg at det ofte er dei same som går igjen.

– I år som i fjor kan du leike deg med tynne materiale, velur, paljettar og metalliske stoff når du pyntar deg til fest i julesesongen, fortel ho, og trekkjer i tillegg fram ein fluffy ven som er tilbake.

– I år er fjørjakker spesielt populært. Det er ein stor catwalk-trend som passar inn i julemoten, og som gir antrekket det vesle ekstra.

Her er tipset til eksperten til ulike festantrekk denne julesesongen:

Dame som holder en rød veske
Blondekjole med raud veske er ein lekker kombinasjon til julebord!
Dame som hopper i beige dress
Dame som viser frem svarte høyhæler
Om kjole ikkje er tingen din så er dressen ein sikkerstikker til julebord og gjerne style han med svarte pumps.

Julebord med jobben: Svarte blonder og raude detaljar

Det er duka for julebord og kleskrise! For kva skal du ha på deg på denne etterlengta kvelden med feststemte kollegaer?

– Det kan vere vrient å finne balansen mellom formelt og festfint, og for dei som til vanleg pyntar seg med jeans og topp på fest, kan julebordantrekk vere ein vanskeleg sjanger, seier Cecilie.

Heldigvis veit ho råd. For er det noko som stadig kjem tilbake i motebiletet og som kan redde årets julebord, er det classy, rocka, og samtidig feminine, blonder.

– På catwalken ser vi mykje svarte blondekjolar for tida.

– For mange kan det bli litt mykje med ein heil blondekjole, spesielt om dei er av den gjennomsiktige varianten. Da kan du gå for ein svart kjole med blondedetaljar, i staden, tipsar Cecilie.

Match blondekjolen med svarte pumps og ei veske i sølv eller raudt, rår ho.

Om du ikkje er ei kjolejente, kan du fint gå for ei dressbukse i staden.

– Style dressbuksa med ein paljettopp, ein lekker body eller ein bluse med stor sløyfe, som er ein av dei store trendane i vinter. Og vips er du klar for fest!

TIPS!

Ei svart dressbukse kan bli vel så fin som ein kjole viss du matchar den rett.

– Dressbuksa er på sett og vis det motsette av paljettkjolen. Her gjeld det å vere vågal med tilbehøyret, seier motejournalisten.

Dame med prikkete kjole og holder røde høyhæler
Ver julefin med polkadottkjolen på julaftan med familien.
Dame med svart velour kjole
Velourkjolen er ein klassisk, men også ein sikkerstikker å ha på julaftan i år!

Julaftan med familien: Klassiske polkadottar

Sjølve julekvelden er her, men kva passar seg eigentleg på ein dag som denne? Du vil jo gjerne vere fin, samtidig som du ikkje vil risikera at bestemor set ribba i halsen når ho ser deg.

– Polkadottkjolen er eit sikkert kort i år, seier Cecilie.

– Dei runde dottane er tilbake, og dei er både julete og koselege, og passar godt til julekvelden.

Om du ikkje går for polkadottkjolen, kan du gå for noko anna klassisk som ein velurkjole, tipsar eksperten.

– Ein burgunderfarga fløyelskjole er alltid ein vinnar på julaftan, eller du kan gå for ein klassisk velurkjole i sort.

Både til polkadottane og velurkjolen anbefalar ho svarte strømpebukser og svarte sko, og gjerne perleøyredobbar som står til det klassiske uttrykket til kjolane.

Tips!

Er ikkje julefargen og trendfargen, raudt, fargen din, kan du gå for ein av dei andre klassiske julefargane, som flaskegrønt, sølv eller gull.

– Dei fargane er alltid fine i jula, seier Cecilie.

Dame med rutete kjole som går i gaten
Skotske ruter er populært og er eit julete-mønster som passar til romjula.
Dame med svarte boots og sitter på et gulv
Match gjerne romjulsantrekket med svarte flate boots!

Romjulsselskap med familien: Julete rutemønster

Romjulstida er eit årleg høgdepunkt for dei fleste av oss‚ ei tid der vi for alvor kan senke skuldrene og ta inn julefreden. Men for mange held også fram festen inn i romjula, der ein ofte ønskjer å vere både festfin, men kanskje litt meir nedpå i stilen enn på julaftan.

Cecilie anbefalar å nytta romjula til å ta inn eit av sesongens mest populære og trendy mønster i antrekket:

– Ein trend eg ser overalt for tida, er dei skotske rutene, eller tartan-mønster som det eigentleg heiter. Tartan-mønstrete plagg er gjerne i ull og passar derfor godt til den norske vinteren.

– Mønsteret er dessutan julete, og romjula er eit perfekt anledning til å kle seg i trendmønsteret.

Cecilie anbefalar å ikkje gå for eit heilt antrekk i dei skotske rutene, men heller kombinere enkelte plagg med det du har i basisgarderoben.

– Gå for ei bukse eller eit skjørt i tartan-mønster, og match det med ein tynn, svart pologenser eller ein klassisk bluse, og svarte – gjerne flate – sko eller boots.

Du kan også la detaljane snakke, og velja eit skjerf eller ein hårbøyle i skotske ruter til antrekket.

TIPS!

Motejournalisten har merka seg at spisse sko er populært igjen.

– Det er mange pensko med spiss tå ute og går på catwalken for tida. Match gjerne årets juleantrekk med eit par av dei i svart eller sølv.

Dame som smiler og holder hånden over ansiktet
Dame med paljettkjole
Feir det nye året med glitter og glam!
glad dame i sølvglitterkjole med stjerneskudd
Til nyttårsaftan skal paljettkjolen fram.

Nyttårsaftan med vener: Vågal glam

Nyttårsaften: dagen vi seier farvel til det gamle året og møter det nye med rakettar og glam! Nyttårsaftan er kvelden for å slå seg laus – både på festen og i klesvegen.

Ser du etter eit høve til å bruke paljettkjolen, er nyttårsaftan dagen. Men i år bør du også vurdera ein kjole i raudt!

– På nyttårsaftan med vener kan du trygt gå for ein vågal trend. Kanskje er dette kvelden for å gå i raud kjole, og toppe antrekket med stiletthelar i metallisk farge som sølv?

Viss du likevel går for paljettkjolen, er det viktig å «tone det ned».

– Match paljettkjolen med ein tynn, svart strømpebukse, og gjerne fuskepels, men ikkje mange smykke, for kjolen er eit smykke i seg sjølv.

Tips!

Går du for eit antrekk som ikkje gjer så mykje ut av seg, kan tilbehøyret tilføra det vesle ekstra. Både statementøredobber og ein stor sløyfebluse hevar alle antrekk ifølgje eksperten, det same gjeld ei veske i skinnande materiale.

– Ei strømpebukse kan også gjera mykje for ein enkel kjole. Gå for ein med litt skinnande effekt eller litt tekstur eller mønster.

Tekst
Newslab
Foto
Getty
Produksjon
Amfi Kreativ