Her er høstens hotteste interiørtrender
Lat deg inspirere av kvalitet og varige materialar, sterke fargar, austen sin estetikk og britisk cottage denne hausten.
Hausten er tid for fornying, med ein ny start og kvardagsrutinar. Og kva er vel betre enn å møte hausten med ei fornying av interiøret?
Vibeke Illevold Nordsveen er lidenskapeleg oppteken av interiør, og står bak instagramkontoen @enkonstrast. Ho har fleire ting ho ynskjer seg denne sesongen, men det er spesielt éin gjenstand som tronar øvst på ynskjelista.
– Det er ei trådlaus bordlampe! Den kan du flytta rundt etter behov, den kan stå i ei lita hylle på veggen, skape stemning rundt spisebordet når du skal ha gjestar eller du kan ta den med ut på balkongen. Den passar til alt, uansett kva interiørtrendar du føretrekk!
Vi spurte Vibeke om kva interiørtrendar som stikk seg ut denne hausten:
Oransje + rosa = sant
Fargar er i vinden som aldri før, og denne hausten er det særleg kombinasjonen oransje og rosa som skaper spenning i interiøret. Denne fargesprakande samansetjinga oser energi, og vil gi deg kraft og glede gjennom heile hausten og vinteren.
– Det er rosa i ulike nyansar, ferskenfarge og oransje som gjeld. Varme fargar er trendy, konstaterer Vibeke.
Det finst mange flotte nyansar å velje mellom, avhengig av kor metta fargar du likar. Duse pastellnyansar er nydelege mot ein beige bakgrunn, medan sterke fargar passar betre i kombinasjon med kvitt.
Prøv deg fram med ulike prydgjenstandar, småmøblar og tekstilar for å finne fram til din favorittkombinasjon.
Visste du at kåpa også skal vera rosa hausten 2023?
Japansk estetikk
Vi blir aldri lei av austens estetikk! Denne hausten kan du hente inspirasjon frå Japan og wabi sabi, som handlar om å setje pris på og sjå skjønnheita i det uperfekte.
Wabi sabi hyllar det enkle livet, og dei asymmetriske detaljane. Ein skeiv krakk, ein nedsett stol eller eit bord med hakk i er heilt wabi sabi, og viser teikn på kjærleg bruk og levd liv.
Med wabi sabi som leiande tråd, kan du følgje hjarta og innreie heimen din etter dine personlege behov og kva som gir deg godkjensla. Saman med den stramme nordiske stilen får heimen din eit leikent og stilfullt uttrykk.
– Finn fram handlaga krukker, vaser og bollar, eller gå på loppemarknad og let etter skattar. Bland det med dei reine linjene for maksimal effekt, råder Vibeke.
TIPS!
DIY: Ta ein gammal vase du allereie har og kle henne med leire, eller mal henne med maling som du blandar litt bakepulver i. Då vil du få ein struktur på malinga som ikkje blir heilt perfekt og heilt i wabi sabi-ånd. Og vips så har du ei ny «gammal» vase!
Kvalitet som varar
Bruk og kast-mentalitetane er definitivt over, og no er det kvalitet som gjeld. Difor vel vi møblar og interiør av kvalitet og haldbarheit, og vi vil fylle heimane våre med materialar som stein, lin, terrakotta og treverk.
– Saman med grøne plantar skaper det eit naturleg og frodig uttrykk, seier Vibeke.
Kombiner bord eller benkeplater i stein med gardiner av lin. Har du nokre møblar av tre eller bambus i tillegg, blir det nettopp den perfekte samansetjinga av materialar som vi ynskjer oss no.
Mørkt treverk, som valnøtt og mørkbeisa eik, er på full fart inn, og erstattar mykje av det lyse treverket som har dominert interiøret ein periode.
– Det er superfint å kombinere mørkt treverk med det lyse. Har du for eksempel eit lyst tregolv, er det nydeleg å kombinere med mørke eikefrontar på kjøkkenet, eller mørke møblar. Det gjeld å finne balansen mellom det lyse og det mørke, forklarer Vibeke.
TIPS!
DIY: Bytt ut glasdøra i vitrineskapet med rilla glas! Då slepp lyset gjennom, samstundes som du skjuler det som er bak.
Endeleg er årstida med dei fine fargane her!
Landlig kjensle med cottage core
Elska du den romantiske og nostalgiske shabby chic, kan du glede deg over at ein ny, tidsriktig variant er tilbake! Cottage core får oss til å tenke på eit lite britisk hus med rosar klatrande opp etter veggane, og minner oss om det gode livet på landet.
Interiøret er prega av ein herleg, lun og fargerik blanding av mønster, tekstilar og formar.
– Når eg ser trenden, får eg lyst til å bu på bygda, seier Vibeke.
Denne stilen handlar om å vere nær naturen, både ved å dyrke og hente eiga mat, men også å bringe inn naturlege materialar som tre, stein og bomull. Finn fram gamle gjenstandar og møblar – her kan du blande nytt og gamalt i ein fornøyeleg miks.
Er du glad i å drive med handarbeid, kan du trygt finne fram heklenål og symaskin. Hekling, strikking, quilting og broderi går nemleg hand i hand med cottage core.
Om du er usikker på om denne stilen er for deg, anbefaler Vibeke å starte i det små.
– Byrja med små puter, pledd og prydgjenstandar. Lag små stilleben for å sjå kva som er deg. Her kan du miks både retro og nytt, så føl deg fram. Og hugs at alt kan malast!